Documente online.
Zona de administrare documente. Fisierele tale
Am uitat parola x Creaza cont nou
 HomeExploreaza
upload
Upload




LANDSLAGET FOR NORSKUNDERVISNING

Norvegiana





LANDSLAGET FOR NORSKUNDERVISNING

Årsmøte laurdag 29. mars 2003

Saker

Konstituering. Val av møteleiar og referent

Årsmelding

Rekneskap

Kontingent

Arbeidsprogram

Budsjett

Val

SAK 1 KONSTITUERING

Forslag til vedtak:

Årsmøtet vel Vidar Waag til møteleiar. Årsmøtet vel i tillegg referent og to som skal underskrive referat og vedtaksprotokoll.

SAK 2 ÅRSMELDING

Forslag til vedtak:

Årsmøtet godkjenner årsmeldinga.

1 Organisasjon

Det er ingen formelle endringar i organisasjonskartet frå årsmøtet i 2002.

Årsmøtet

Norskæraren

Redaktør i ½ still.

2 red. medlemmer

5 nr. i året

Skriftstyre/Bokklubb

Leiar

Styremedlemmer

5-7 bøker i året

Fagbokforlaget

sekretær i ½ still.

Styret

Leiar

4 styremedlemmer

Redaktør NL

Skriftstyreleiar

5-6 møte i året

Norsk forfattersentrum

1 representant i styret

Nordspråk

1-2 representantar

Norsk språkråd

2 representantar

Folkeuniversitetet

LNU er medlem

1 representant

Klassikarkomiteen

Norsk kulturråd

1 representant

1. februar var talet på medlemmer i overkant av 2.200, og dette er ein nedgang på 500 samanlikna med tala som blei presentert på årsmøtet i 2002. Noko av forklaringa er at Cappelens lister som låg til grunn for tala som blei presentert i fjor, ikkje var heilt oppdaterte.

Styret har hatt denne samansetjinga og arbeidsdelinga:

John Willy Syvertsen leiar

Vidar Waag  nestleiar

Sissel Schøning nordisk samarbeid

Knut E. Karlsen økonomi

Ingrid Metliaas permisjon

Trygve Kvithyld leiar for skriftstyret

Nina Goga redaktør for Norsklæraren

Ingrid Metliaas ba om permisjon frå vervet som styremedlem etter det første styremøtet, og Gro Byrkjeland har fungert som vararepresentant for Metliaas. Byrkjeland har hatt nordisk samarbeid som hovudansvarsområde. I tillegg har sekretær Nina Johannessen og representantar for Fagbokforlaget delteke i behandlinga av saker som har med samarbeidet med forlaget 747f521h å gjere.

Styret har hatt seks møte sia førre årsmøte:

Dato Stad

Bergen

Oslo

Oslo

Bergen

Molde

Molde

Etter at Gro Byrkjeland kom inn, har Oslo, Bergen og Molde vore om lag like rimelege møtestader i og med at to av medlemmene er busett på kvar stad. Det har vore eit mål å få ned utgiftene i samband med styremøta, og vi får framleis billigare flybillettar ved å leggje styremøta til fredag og laurdag. Faste postar på styremøta har vore: økonomi, verving, Norsklæraren, Norskbokklubben, LNUs nettside og nordisk samarbeid.

LNUs nettside er nå å finne på Fagbokforlagets server. Adressa er: www.fagbokforlaget.no/lnu. Styreleder, skriftstyreleder og redaktøren for Norsklæraren skal oppdatere nettsida i samarbeid med Fagbokforlagets informasjonsjonskonsulent, Mathilde Holm.

2 Økonomi

Det har vore viktig å leggje nokon av styremøta til Bergen for å lette og styrkje samarbeidet med Fagbokforlaget, som blir LNUs viktigaste samarbeidspartnar framover. Forlaget har hatt ei positiv haldning og har kome med viktige bidrag når det gjeld rutinar, budsjettering, revisjon, medlemskartotek og verving av nye medlemmer. Ved å bruke same bank og revisor som Fagbokforlaget får LNU desse tenestene billigare enn før.

Den reviderte årsrekneskapen viser eit underskot på 22.514 kroner. Dette resultatet er godt under det styret la opp til i budsjettet for 2002. Her rekna ein med eit overskot på 76.500 kroner. Hovudårsaka til spriket mellom budsjett og rekneskap er manglande abonnementsinntekter. Vi har i stor grad lukkast med å få ned utgiftene, men vi har ikkje fått den inntektsauken vi hadde venta etter at medlemsavgifta blei justert opp til 300 kroner for privatpersonar og 600 kroner for institusjonar.

Styrets strategi har vore å prøve å auke talet på institusjonsmedlemskap i grunnskulen og i den vidaregåande skulen. Tiltaka har ikkje gjort at talet på medlemmer har auka like mykje som målsetjinga var.

I rekneskapen er det gjort to prinsippendringar for 2002. Royaltyinntektene vert no inntektsført det året dei er opptent, mot tidlegare eit år på etterskot. Dette utgjer 85.211 kroner i meirinntekter i 2002. Medlemsavgifta vert no periodisert pr kalenderår. Dette medfører at 99.570 kroner av medlemsavgifta vert overført frå 2002 til 2003.

3 Samarbeid med andre organisasjonar

Oversikta under viser LNUs representantar i dei organisasjonane vi samarbeider med:

Fellesrådet for kunstfag i skolen

Folkeuniversitetet John Willy Syvertsen

Nordspråk Sissel Schøning og Gro Byrkjeland

Norsk Forfattersentrum John Willy Syvertsen

Klassikerkomiteen Synnøve Skjong

Norsk språkråd Olav Veka og Jan Svennevig

LNU har dessutan samarbeid med Foreningen Norden og Læringssenteret.

LNU har lenge vore medlem av Folkeuniversitetet (FU), som tidlegare har kanalisert statleg støtte til LNU. Difor skreiv styreleiaren etter drøftingar med styret under Avtale om voksenopplæring/studiearbeid som grunnlag for medlemskap i Studieforbundet Folkeuniversitetet på vegner av LNU. Avtalen gjeld frå 15. april 2002. For oppseiing av avtalen gjeld følgjande tidsrammer: "Oppsigelse av avtalen innen 1. mai får virkning fra 1. januar påfølgende år. Dersom avtalen sies opp etter 1. mai, løper den også neste kalenderår fram til 31. desember, og opphører 1. januar året etter" (§ 10).

Målet med avtalen er faste ordningar for korleis den delen av LNUs opplæring som gjev rett til tilskot etter Lov om Voksenopplæring skal administrerast gjennom LNUs medlemsskap i Folkeuniversitetet (§ 1). To av punkta i avtalen bør diskuterast nøye:

Alle studietiltak som omfattes av avtalen skal foregå etter på forhånd godkjente studieplaner. LNUs sekretariat (alternativt Folkeuniversitetets landssekretariat dersom godkjenningsmyndigheten ikke er delegert) godkjenner studieplanene for de ulike tiltakene etter fullmakt fra Folkeuniversitetets landsstyre, og sender kopi av godkjente studieplaner til Folkeuniversitetets landssekretariat.

Ingen av LNUs aktivitetar følgjer i dag studieplanar som er godkjende av Folkeuniversitetet, og det er heilt klart at LNUs verksemd i dag er perifer i forhold til Folkeuniversitetets satsingsområde. Det forklarer kvifor LNU ikkje har mottatt støtte frå Folkeuniversitetet dei siste åra.

Det kan inngås egne samarbeidsavtaler mellom LNU og Studieforbundet Folkeuniversitetet, i forbindelse med lokale eller regionale samarbeidstiltak, felles markedsføring eller i tilknytning til utvikling av felles produkter.

Kva handlingsrom som ligg i § 4 bør avklarast før LNU tek medlemsskapen i FU opp til ny vurdering på årsmøtet i 2004.

4 Fagleg arbeid og etterutdanning

LNU har drive fagleg arbeid gjennom Norsklæraren, Skriftserien (Norskbokklubben), nordiske kurs, Sommer-Melbu og Landsseminaret.

Landsseminaret i Oslo i 2002 hadde 80 deltakarar og gjekk over to dagar. Hovudtemaet var litteraturformidling, og seminaret hadde tittelen: "Unge stemmer: Norske 90-tallstekster". Dei unge røystene var Hanne Ørstavik, Jonny Halberg og Erlend Loe. Norsk Barnebokinstitutt ved Marianne Lillesvangstu presenterte saman med Erlend Loe "Et litteraturformidlingsprosjekt for mellomtrinnet". Eivind Tjønneland heldt ei forelesing om eldre litteratur, medan Jan Thon tok for seg "Samtidslitteraturen i skolen". Ann Kavli avslutta landsseminaret med å snakke om nye tendensar med utgangspunkt i debutantane frå året 2001.

LNU har i samarbeid med Universitetet i Bergen arrangert ein temakveldar der Atle Kittang presenterte den nye boka si om Henrik Ibsen.

5 Fagpolitisk arbeid

Styreleiar har delteke i ei referansegruppe som skulle uttale seg om dei nye læreplanane for etter- og vidareutdanning i norsk administrert av Bjarne Øygarden ved Høgskolen i Hedmark.

Styret sende ut ei pressemelding i samband med måten eksamen blei avvikla på i den vidaregåande skulen våren 2002, men meldinga kom ikkje inn i nokon av dei avisene som vi sende meldinga til.

Styreleiar blei intervjua i Dag og Tid og hadde eit innlegg i avisa som ein del av skuledebatten i samband med Jon Hustads essay sist sommar. Styreleiar blei òg beden om å velje eit dikt til Aftenpostens spalte "Del et dikt", og dette var god reklame for LNU.

Styret har fått kritikk for ikkje å ha sendt inn høyringsfråsegn til Norsk språkråd i samband med nynorskreforma som skal tre i kraft i 2004. Styret var delt i synet på innstillinga og fann det vanskeleg å gå ut med ei felles fråsegn. I ettertid er det lett å sjå at LNU likevel skulle ha uttalt seg offentleg om saka.

6 Norsklæraren

Tidsskriftet Norsklæraren er medlem i Den Norske Fagpresses Forening og er oppført i Fagpressekatalogens nettutgåve for 2002. Opplagstala er omlag 2.800. I tillegg til LNU-medlemmer blir Norsklæraren sendt til fleire institusjonar i inn- og utland.

Denne årgangen har vore den 26. i rekkja med 5 nummer, kvart på 68 sider. Nina Goga starta som redaktør frå og med nummer 1/2002. Framleis har Magne Eide Møster ansvar for satsproduksjonen og har arbeidd tett saman med redaktøren når det gjeld den nye utsjånaden til bladet og lay-outen i kvart nummer. Redaksjonsmedlemmene er Magnhild Selås (frå 1/2002) og Erik Skjeveland (frå 4/2002). Redaksjonen har hatt eit felles møte hausten 2002 og elles vore i jamn kontakt per e-post og telefon.

Slik det var annonsert i arbeidsprogrammet, har det i kvart nummer vore trykt ein elevtekstanalyse - og sjølve elevteksten - og det har vore trykt ein samtale med ein på ulike vis aktuell fagperson (1/02 Eivind Røssaak, 2/02 Anders M. Andersen, 3/02 Eivind Tjønneland, 4/02 Marit J. Høines, 5/02 Aslaug Nyrnes). Arbeidet med å sleppe barne- og ungdomslitteraturen til gjennom ei fast bokmelding i kvart nummer har også vore vellukka. Bladet har elles vore ordna slik at dei meir teoretiske tekstane kjem før samtalen og elevtekstanalysen og dei meir didaktisk orienterte tekstane kjem etter. Mengda på dei ulike sidene har stort sett vore den same. Mange sender inn tekstar og desse er tematisk spreidd over eit breitt register. I auka grad har det vore teke omsyn til norsklærarar i grunnskulen, særleg med tanke på det didaktiske.

Etter ei tid med liten aktivitet på nettet er Norsklæraren igjen tilgjengeleg via internett. Arbeidet med å leggje ut framside, innhaldsliste og utvalde artiklar skjer i eit samarbeid mellom redaktøren, Magne Eide Møster og Mathilde Holm i Fagbokforlaget.

Det har heller ikkje i år vore særs mange lysingar. Det har vore gjort framstøyt for å lansere Norsklæraren som lysingsplass, men for mellom anna dei store forlaga er nok den økonomiske situasjonen svak og lite pengar blir nytta til slik marknadsføring. Elles har det vore ein del byttelysingar og nokre større marknadsføringskampanjar for å få fleire abonnentar og medlemmer (mellom anna gjennom Dag og Tid).

Gjennom Nordspråk og med middel frå Nordisk ministerråd har redaktøren i Norsklæraren moglegheit til å treffe redaktører i dei andre nordiske morsmålstidsskrifta: Svenskläraren, Arena (Finland), Danske Noter og Skíma (Island). I 2002 har vi hatt møte på Lysebu (11.-13. januar) og Færøyane (12.-15. september). Denne møteverksemda held, med støtte frå Nordisk ministerråd, fram også i 2003. Saman har vi arbeidd med eit felles temanummer (3/2002) om massemedia i Norden og planlagd fleire utvekslingsartiklar for 2003.

7 Nordisk samarbeid

Gjennom organisasjonen Nordspråk samarbeider LNU med søsterforeiningane i dei andre nordiske landa. Nordspråks oppgåver er å etterutdanne lærarar, gje ut bøker og å utarbeide materiell til bruk i undervisninga.

Nordspråk søkjer økonomisk støtte for den nordiske verksemda til referansegruppa for Nordisk Ministerråd. Gro Byrkjeland og Sissel Schøning har møtt for LNUNordspråks møte.

Kurs

"Bok blir film" (sommarkurs på Sommarøy, Noreg)

"Andrespråksundervisning i Norden" (i Malmø, Sverige)

"Nordisk kortprosa" (i Roskilde, Danmark)

"Den store nordiske forteljinga ved årtusenskiftet" (i København, Danmark)

Utgivingar

Nordspråks nettside

Språkprøver på CD med teksthefte (framleis i sal)

Møte

Nordspråkmøte i Torshavn på Færøyane (september 2002)

NordspråkmøteSchæffergården i København (januar 2003)

Vestnordisk samarbeid

LNU er representert i Vestnordisk samarbeid.

Prosjektet Vest-Norden har eigen nettstad der òg LNU blir presentert.

8 Skriftserien (Norskbokklubben)

Vi har hatt seks skriftstyremøte i perioden. Samarbeidet med Fagbokforlaget var nytt frå 1.1.2002, og møta har blitt brukt til å utarbeide gode samarbeidsrutinar mellom forlaget og skriftstyret. I tillegg har det vore ei prioritert oppgåve å utvikle gode bokprosjekt til skriftserien. På grunn av at LNU var utan forlagskontrakt nesten heile 2001, og at vi i denne perioden ikkje kunne initiere nye bokprosjekt, har vi hatt få utgjevingsklare bøker i 2002. Dette førte til at den første boka som blei utgjeven i skriftserien, var ei eitt år gammal bok frå Fagbokforlaget.

Desse bøkene blei gjevne ut i skriftserien i 2002:

Arne Engelstad: Interart

Laila Aase: Norskfaget blir til. Den lærde skolens morsmålsundervisning og danningstradisjoner fram til 1870

Johan L. Tønnesson (red.): Den flerstemmige sakprosaen

Marianne Røskeland/Per Arne Michelsen (red.) Forklaringer. Litterære tekster lest på nytt.

Knut Imerslund (red.): Graset er grønt for æille. Ei bok om Alf Prøysen

Det blei ikkje gjeve ut bøker i litteraturserien i 2002.

Royaltytala for skriftstyret og for litteraturserien er ikkje klare til årsmøtet, men vi reknar med at royaltyinntektene for skriftserien vil vere på om lag 55 000 kroner for tidlegare LNU/CAF-bøker og på om lag 20 000 kroner for Fagbokforlagets bøker. I tillegg reknar vi med i underkant av 10 000 kroner for litteraturserien. Dette er ein nedgang frå året før.

Dei samla royaltyinntektene for 2002 var på 179 450 kroner, mens det var budsjettert med 105 000 kroner. Dette er ein auke på om lag 74 000 kroner frå året før. 85.000 kroner av inntektene skyldast ei prinsippendring. Frå og med 2002 er royaltyinntektene inntektsført det året dei er opptjent.

SAK 3 REKNESKAP

Forslag til vedtak:

Årsmøtet godkjenner rekneskapen.

SAK 4 KONTINGENT

Styret ønskjer å halde kontingenten på same nivå i året som kjem og meiner at høgare inntekter må kome som eit resultat av fleire medlemmer i staden for å auke prisane.

Forslag til vedtak:

Kontingent for medlemskap i LNU vil i 2003 vere 300 kroner for vanlege medlemmer, 150 kroner for studentar og 600 kroner for institusjonar.

SAK 5 ARBEIDSPROGRAM

Forslag til vedtak:

Årsmøtet godkjenner arbeidsprogrammet.

1 Organisasjonen

Selv om medlemstallene for i fjor ikke var helt reelle fordi Cappelens lister ikke var tilstrekkelig oppdatert, kan vi ikke si oss fornøyd med medlemsutviklingen. Verving av nye medlemmer blir jobb nummer en i den kommende perioden, og derfor har vi satt av 30.000 kroner på neste års budsjett. Dette beløpet er i minste laget, men vi befinner oss fremdeles i en situasjon der det er om å gjøre å stabilisere organisasjonens økonomi, og slik budsjettsituasjonen for neste år fremstår, er det vanskelig å sette av et større beløp i kommende budsjettperiode.

Vi har kjørt flere vervingskampanjer, men resultatene har ikke stått i forhold til innsatsen. For å rekruttere flere medlemmer blant studenter har denne gruppen fått tilbud om medlemskap eller abonnement på Norsklæreren for kr 150 per år. Dette har ikke vært nok. Vi må gjenopprette kontaktnettet LNU tidligere hadde i høyskolesystemet for å bedre kunne nå frem til norskstudenter ved universiteter og høyskoler, for alt tyder på at personlig kontakt er mer effektivt enn brosjyrer og annet materiell som har en tendens til å drukne i informasjonsstrømmen.

Det bør utarbeides en adresseliste som gjør det mulig å sende ut pressemeldinger på kort varsel hvis behovet plutselig skulle oppstå, for det er viktig for LNU å prøve å bli mer synlig i den offentlige debatten. Det bør også være en målsetning at LNU blir oppslagsord i den nye utgaven av Store norske leksikon.

Valgnemndas leder, Per Arne Michelsen, har fremmet forslag om at antall vararepresentanter til styret bør reduseres fra fire til to. Forslaget kom for sent til at det kunne kunngjøres i Norsklæreren innen fristen som var satt for innkomne saker til årsmøtet. Styret legger Michelsens forslag frem for årsmøtet i 2004 og sørger for at forslaget til endring av LNUs vedtekter blir kunngjort i Norsklæreren innen fristen som blir satt for å sende inn saker til årsmøtet i 2004.

2 Økonomi

Arbeidet vil fortsette med å begrense utgiftene, men den største utfordringen vil likevel være å skaffe organisasjonen større inntekter i form av flere medlemmer. Uten flere medlemmer vil LNU ha svært liten handlefrihet i årene fremover.

3 Samarbeid med andre organisasjoner

Samarbeidet med Folkeuniversitetet tas opp til ny vurdering. Styret evaluerer avtalen som er inngått med FU og vurderer om den skal fornyes. Forslag til vedtak legges frem på årsmøtet i 2004.

Samarbeidet med andre organisasjoner fortsetter på samme måte som tidligere. Styret ønsker et tettere samarbeid med representantene i Norsk språkråd og i Norsk kulturråd.

4 Faglig arbeid og etterutdanning

LNU vil fortsette å drive faglig arbeid gjennom Norsklæreren, Skriftserien (Norskbokklubben), kurs og Landsseminaret.

Årets landsseminar bør evalueres av det nye styret, og styret må ta stilling til hvilken form og hvilket omfang landsseminaret skal ha i årene fremover.

5 Fagpolitisk arbeid

I perioden fra forrige årsmøte har mye av fokus vært rettet mot interne forhold i organisasjonen. Dette har vært naturlig i og med den svake økonomien, og det har vært viktig å få etablert et godt samarbeid med Fagbokforlaget.

I den kommende perioden vil det være viktig å heve blikket og tenke mer prinsipielt i forhold til norskfagets stilling på de ulike nivåene i utdanningssystemet, ikke minst i forhold til kvalitetsreformen ved universiteter og høyskoler. Muligheten for innføring av skrivetester i grunnskolen og evaluering av dagens skrivepedagogikk vil kunne være andre sentrale temaer.

6 Norsklæreren

I kraft av å være medlemsblad for LNUs medlemmer vil Norsklæreren også i 2003 forsøke å bringe nytt fagstoff - både teoretisk og praktisk - til sine lesere. Fagstoffet skal stadig være knyttet til feltene norsk og nordisk litteratur og språk.

I 2003 vil redaktøren følge opp de faste postene i 2002-årgangen (samtalen, elevtekstanalysen, bokmeldingene - særlig av barne- og ungdomslitteratur - og inndelingen i teoretisk og didaktisk stoff). Førsteartikkelen i bladet ønsker vi at tydeligere og tydeligere skal være spisset, gjerne av en viss lengde. Denne vil som regel være den som blir lagt ut på bladets nettsted. Mye debatt har det ikke vært i 2002, men det er håp om at dette vil endre seg i 2003. Aktuelle tema her kommer til å være den mulige innføringen av skrivetester i grunnskolen og status for dagens skrivepedagogikk.

Siden det stadig er en jamn tilgang på artikler til Norsklæreren, ønsker redaktøren også å slippe til unge lærere og skribenter. Det er viktig å slippe disse til for at faget skal holde seg levende og aktuelt.

Redaktørene for de nordiske morsmålstidsskriftene skal i 2003, ved hjelp av midler fra Nordisk Ministerråd, treffes to ganger; Schæffergården 10.-12. januar og Skagen 25.-28. september. Det nordiske samarbeidet vil i 2003 resultere i flere enkeltstående utvekslingsartikler, blant annet om etnolekter og slang i et nordisk perspektiv. En artikkel om forholdet bok-film er også bestilt, denne er knyttet til Nordspråks sommerkurs i Tromsø 2002. I tillegg ønsker redaktøren å samarbeide med Nordspråk og deres engasjement og arbeid som blant annet kommer til uttrykk på nettstedet: www.odin.nordsprak.dk.

Et ønske for 2003 er å få til noen artikler/tilstandsrapporter fra norskundervisning i utlandet. Helge Hegglund skrev i nr. 5/2002 om det å være sendelektor i Moskva, og det kommer tekster fra Tyskland og Romania.

De to redaksjonsmedlemmene, Magnhild Selås og Erik Skjeveland, fortsetter i 2003. Det er planlagt to redaksjonsmøter, et til våren og et til høsten. Det er ellers god og jamn kontakt per e-post og telefon.

7 Nordisk samarbeid

Kurs med støtte fra Nordisk Ministerråd

"Det er mer mellom himmel og jord", Nordisk sommerkurs på Island, juli 2003

"Nordisk kortfilm", "Filmbyen" i København, okt/nov 2003

"Nabospråksdidaktikk", Lysebu eller Schæffergården, lærerutdannere, høsten 2003

Utgivelser med støtte fra Nordisk Ministerråd

Filmpakken med nettsted: www.odin.dk/film, oversettelser

Samtaleøvinger til danskundervisninga på Island

Fellesnordisk språkhistorie

Nordspråkmøter

Skagen, Danmark, september 2003

Muligens Tartu, Estland, januar 2004

8 Norskbokklubben

2003 vil også være et år med for få utgivelsesklare bøker i skriftserien, og vi vil derfor måtte låne inn noen bøker fra andre forlag. En prioritert oppgave for skriftstyret i året som kommer er å utarbeide en prosjektliste med et stort nok volum til at vi kan oppnå en jevn utgivelsestakt på 5-7 bøker i året. Antallet prosjekter må være stort nok til å kunne kompensere for framdriftssvikt i enkeltprosjekter.

Skriftstyret vil hovedsakelig forsøke å utvikle pensumbøker. Disse bøkene vil være viktige for økonomien i skriftserien, samtidig som de vil profilere LNU som en premissgiver for hva som er faglig status i norskfaget.

Arbeidet med å utvikle skoleutgaver i litteraturserien vil fortsette, men fordi flere forlag i dag selv gir ut kommenterte skoleutgaver, er det vanskelig å få til et samarbeid med forlagene om disse bøkene.

Skriftstyret vil i samarbeid med styret i LNU og med Fagbokforlaget forsøke å verve flere medlemmer til LNU.

SAK 6 BUDSJETT

Forslag til vedtak:

Årsmøtet godkjenner budsjettet.

BUDSJETTFORSLAG FOR LNU 2003

Budsjett

Budsjett

INNTEKTER

Abonnement

Annonseinntekter

Royalty

Off. og priv. støtte

Renteinntekter

Kursinntekter

SUM INNTEKTER

UTGIFTER

Prod. Norsklæraren

Honorar leiarar + LS

Landsseminar

Styremøte

Lønn sekretær

Nordisk

Revisjon

Husleige

Diverse

Nedbetaling av gjeld

Frikjøp

Verveaksjon

SUM UTGIFTER

OVERSKOT

SAK 7 VAL

Forslag til vedtak:

Årsmøtet godkjenner valnemndas innstilling.

Årsmøtet godkjenner forslaget til ny valnemnd.

Valg LNU - 2003

Nåværende ledelse Forslag til ny ledelse

Leder Leder:

John Willy Syvertsen John Willy Syvertsen (ikke på valg)

Styremedlemmer:  Styremedlemmer:

Sissel Schøning Vidar Waag (gjenvalg)

Vidar Waag Knut E. Karlsen (ikke på valg)

Knut E. Karlsen Gro Byrkjeland (ny)

Ingrid Metliaas (permisjon) Ingunn Tronstad (ny)

Adresse: Gamle kirkevei 47, 1831 Askim.

Tlf: 69 88 62 14

Varamedlemmer

Gro Byrkjeland (har møtt som vara)  Varamedlemmer

Svein Slettan Svein Slettan (ikke på valg)

Ingunn Tronstad Hilde Foss (ikke på valg)

Hilde Foss Finn Stenstad (ikke på valg)

Finn Stenstad Ingebjørg Tonne

Jobb: Høgskolen i Oslo, avdeling for lærerutdanning

Ettersynsfolk  Adresse: Åslandshellinga 104, 1274 OSLO

Marianne Røskeland Telefon: 22 75 32 45

Randi Bakkelund

Ettersynsfolk

Marianne Røskeland (gjenvalg)

Randi Bakkelund

Bergen, mars 2003

Per Arne Michelsen (sign.)

leder i valgkomiteen

Styret har dette forslaget til ny valgnemnd:

Trygve Kvithyld (leiar)

Sissel Schøning

Kari B. Løvaas


Document Info


Accesari: 2373
Apreciat: hand-up

Comenteaza documentul:

Nu esti inregistrat
Trebuie sa fii utilizator inregistrat pentru a putea comenta


Creaza cont nou

A fost util?

Daca documentul a fost util si crezi ca merita
sa adaugi un link catre el la tine in site


in pagina web a site-ului tau.




eCoduri.com - coduri postale, contabile, CAEN sau bancare

Politica de confidentialitate | Termenii si conditii de utilizare




Copyright © Contact (SCRIGROUP Int. 2024 )